Bjørndalstraversen

4. - 5. april 2025 - skrevet av

Svein Rune Rykkje

Turen starter nede i Muradalen og her var me klar til avreise. Det er ein lang tur opp mot Andersfjellet og me har gode 1100 høgdemeter framfor oss. Sia Geir måtte vera tilbake heime til klokka 15-16 på laurdagen so fann me ut at me måtte ta oss ei overnatting i telt opp i høgden. Vêrmeldinga var bra og Yr viste -10 på toppen på natta, so eg pakket med meg vintersoveposen min for å sikre ei god natts søvn. Totalt sett med overnattingsutstyr, klatreutstyr, tau, økser, stegjern osv. var sekken i overkant av 18kg, so me var spente på korleis klatringa skulle bli.

Vegen opp går eit godt stykke på god sti gjennom utrulig naturskjønt område med flotte trær og nydelig fauna. Her er virkelig våren i anmarsj, og kvitveisen var akkurat begynt å blomstre.

Det er ikkje mangel på vatn oppover og me fylte ikkje drikkeflaskene før me var heilt i snøgrensa. Det letter sekken noko. Me valgte å gå i joggesko heilt til me kom opp i snøen, istedenfor i tunge og stive klatrestøvler, det valget var me veldig glade for.

Måtte berre ta med dette biletet her også, sjekk denne utsikten då ned mot Prestavatnet som ligg på 600moh! Her er det stupbratt kant rett ned framfor meg her.

Når me kom opp på Andersfjellet fekk me vinden rett imot oss og plutselig gjekk det frå vårstemning rett nede i lia, til kald vind og skikkeleg vinterfølelse på toppen. Her skifta me til varmere klær og støvler, og me var glade for å ha med ei tjukk boblejakke.

Vel oppe og forbi Andersfjellet valgte me å slå leir - mellom Andersfjellet og Bjørndalstind. Me prøvde jo å pakke so minimalt og lett som mogleg, og Geir har eit perfekt telt til slike turer - eit MSR Advance Pro 2. Dette er eit vintertelt med einduks konstruksjon og det er ingen fortelt, noko som gjer det veldig lett. Det er god lufting i teltet so me opplevde ingen kondens gjennom natta, noko me vart veldig overraska over. Eg trur eg aldri har sovet i telt på vinteren utan å fått kondens på innsida av ytterduken før?

Me hadde sett oss ut denne plassen på kartet i forkant slik me var skulle vere so nærme Bjørndalstinden som mogleg utan å ligge utsatt til for vêr og vind på toppen. Me kom opp rett før solnedgang og fekk med oss dette nydelige skuet med solnedgangen etter me hadde rigget camp og var klare for å få i oss middag. Det blei ein tidlig kveld og me var vel i posen i rundt 21 tida.

Klokka 06.00 ringte klokka, og etter litt slumring so var det berre å komme seg opp og begynne å gjere oss klare og få i oss frukost. Frukosten bestod for meg av tre polarskiver og ein boks med Jædersylte - god, enkel og sånn ok næringsrik. Etter mykje romstering, pakking og diverse, var me klare til avmarsj klokka 08:00. Perfekt timing i forhold til vêret og soloppvarming, men for seint i forhold til heimkomsten - meir om det seinere i innlegget. Bjørndalstind er på toppen her, og me gjekk opp langs eggen her.

Det var bratt klyving over både stein og snø for å komma seg opp til Bjørndalstind denne ruta. Sjølv med so tung sekk og mykje utstyr gjekk det overraskende greit å klatre faktisk.

Vel oppe på Bjørndalstind var det berre å komme seg i gang med sjølve traversen. Snøen var jo heilt fantastisk å klatre i og me gjekk mesteparten utan at me følte særleg behov for å sikre. Det blei mykje nedklatring, traversering og oppklatring på denne måten her langs store deler av traversen. Men fytti katta so heldige me er so fekk til dette her i disse vêr og føreforholdene då!

Me måtte heile tida ha i i mente at me ikkje måtte gå utpå skavler, og det er jo ikkje alltid lett å sjå om det er skavl eller ikkje. Får ein sett det i profil so ser ein det greit, er ein usikker på om det er skavl der eller ikkje so må ein halde trygg avstand.

Her kom me til ein liten hammer og me valgte å ta frem tauet. Klatringa opp er lett, men sannsynligheten for feil er større, og ein feil i dette terrenget vil vere fatalt då det er stupbratt på begge sider her stort sett heile traversen. Geir som fekk æren av å lede opp og fekk satt god stanplass mellom nokre blokker på toppen. Deretter gjekk me usikra videre over traversen mot Juklavasskruna.

Opp denne saken her måtte me. Me gjekk opp langs snøfeltet som du ser til høgre i biletet og omtrent rett opp der, det var samanhengande fast snø heile vegen opp. Når eg ser på biletet no i skrivende stund får eg litt grøssinger, men der og då føltes det veldig trygt ut i den gode snøen. Det var ein veldig slitsom klatreetappe, men føret var perfekt og sola hadde heldigvis ikkje smeltet snøen, so me slapp å tenke på våte laussnøskred. Det var ein av grunnene til at me ville ta turen so pass tidleg på dag, og det traff me utrulig godt på.

Vel framme på Juklavasskruna, og me var godt nøgd. I bakgrunnen ser ein heile traversen so langt. Me er ikkje heilt over endå då det framleis er ein del klatring på bratt snø for å komme heilt bort til platået, so det er berre å halde tunga rett i munnen. Vêret begynte å tette seg til og ikkje heilt som meldt. Men ikkje mykje att av den kritiske delen av turen, so me beholdte roen.

Slik såg siste stykket av traversen ut etter Juklavasskruna, du ser so vidt varden på toppen der. Ikkje meir eksponert enn resten, men etter nesten 4 timer på traversen var det godt å komme over. Klokka var allerede blitt 12.50 og me innsåg at me kunne berre drite i å rekke heimkomstfristen. Det er sjølvsagt kjipt når en har avtale, på ettermiddagen, so her gjorde me rett og slett alt for slett arbeid i tidsestimeringa vår.

So var det berre å få av oss klatreutstyr, pakke øksene igjen på sekken og leggja fatt på den lange utmarsjen ned via Bjørndalen. Det var hard og fin snø å gå på so me var eigentleg veldig heldig at det ikkje var blaut vårsnø, det er tungt å gå i.

Det som er so finte med våren er at det er vinterlige forhold i høgfjellet og i låglandet er det vårleg. Det setter ein pris på å koma ned til etter ein lang tur i høgfjellet.

Turen ut dalen går i flott område. Når ein kjem ned til Stølsvatnet so går turen videre på ein godt tilrettelagt sti med gode bruer. Det er fint å slippe elvekryssinger og returen går i god driv. Me brukte vel ca 3.5 timer på utmarsjen totalt sett, og var nede ved bilen att ca. kl. 16.30, godt over tida. Men det er viktig å gjere turene på ein trygg og god måte, det er best.

Vel nede ved bilen ventet to iskalde Munkholm i elva som me gøymte før avreise. Det var skikkeleg digg å koma ned til og helle i seg!

Takk for turen, det var godt å få blåst ut litt!